Phd / Stipendiatprogrammet

Den 10. februar 2022 vedtok NOKUT i styremøte å akkreditere det nye ph.d programmet "Ph.d i kunstnarleg utviklingsarbeid i film og nærskylde audiovisuelle kunstformer" på filmskulen ved Høgskulen i Innlandet.

PhD programmet

Det nye ph.d.-programmet ved filmskulen er forankra i kunstnarleg praksis og byggjer vidare på modellen frå bachelor og master-utdanningane. Da kunnskapsdepartementet i 2018 oppretta den heilt ny ph.d.-graden i kunstnarleg utviklingsarbeid, skildra dei fokuset på kunstnarleg praksis slik: "Kunstutøvinga skal stå i sentrum for doktorgradsarbeidet. Samstundes skal kunstutøvinga følgjast av ein eksplisitt refleksjon som ved framsyning av prosjektet gjer det mogleg for andre å ta del i den arbeidsmåten og innsikta som det kunstnarlege utviklingsarbeidet avlar".

Ph.d.-programmet vart først akkreditert av NOKUT i styremøte den 22. februar 2022 etter ein grundig søknadsprosess som vart avslutta med eit to dagars institusjonsbesøk på campus på Lillehammer og i Oslo. Den 15. juni avgjorde styret ved HINN formelt å setje i gang ph.d. programmet ved filmskulen og den 30. juni vedtok også Kunnskapsdepartementet formelt å oppretta programmet. Vi vil lyse ut ph.d-stillingar til høsten 2022.

Fagfeltet for programmet er «film og nærskylde audiovisuelle kunstformer» og det er åpent både for dei som arbeider innanfor meir tradisjonelle filmfaglege disiplinar og utøvarar som granskar nye teknologiar og format. Programmet skal gje rom for arbeid innan filmen sine spesialiserte fagområde, som regi og dokumentarregi, manus, produsent, foto, klipp, lyd, produksjonsdesign og VFX. Den næraste tida vil desse fagområda bli prioritert, for å balansera fleire år med stipendiatutlysningar innan VR og interaktivitet. Filmskulen ønsker kontinuitet og utveksling mellom tradisjonelle og nye medier, slik at dei saman kan være med på utvikle filmen sitt kunstnarlege uttrykk.

Vi vil kunngjere utlysinga av ph.d. stillingar på nettsidene våre, i sosiale medier og i filmskulen sitt nyhendebrev som du kan melde deg på her.

Sidan byrjinga har filmskulen vore ein del av stipendiatprogrammet for kunstnarleg utviklingsarbeid, som blei starta i 2003 og finansiert fra Kunnskapsdepartementet, for å utvikla eit kunstfaglig alternativ på linje med dei vitskapelege doktorgradsprogramma. Etter at Kunnskapsdepartementet oppretta ph.d. i kunstnarleg utviklingsarbeid i 2018, har alle dei større kunstutdanningsinstitusjonane etablert eigne ph.d.-program som dekker alle kunstfelta med - til no - unnatak av film, og stipendiatprogrammet er no under avvikling. Stipendiatane som er på filmskulen no vil få tilbud om å bytte til ph.d. programmet slik at dei kan få en formell grad.

Stipendiatar ved Den norske filmskulen

For tida er det ni kandidatar i forskjellige stadia i stipendiatprogrammet. Dei er:

Fire kandidatar har så langt fullført sine prosjekt gjennom stipendiatprogrammet. Dei er: