Manus Master i film og nærskylde audiovisuelle kunstformer

Som manusstudent skal du skriva og utvikla manus til serielle format, TV- eller spelefilm. Vi utdannar manusforfattarane våre til å kunna arbeida individuelt og i forfatterrom. Det vil vera fokus på kva som er den særeigne forteljarstemma til kvar einskild student.

I manuskriptutdanninga på master arbeider studenten med masteroppgåva gjennom begge dei to årene. Vi ventar at studenten skriv kvar dag. Masteroppgåva kan vera manuskript til ein TV-serie eller eit manuskript til ein spelefilm. Masteroppgåva skal òg innehalde synopsis av prosjektet, skildring av karakterane, og sjanger. I tillegg til manuskripta må studenten òg presentera prosjektet munnleg og visuelt på eksamen. Vi ventar at studenten kan reflektere og bruke fagtermar om eige arbeid og ståstad.

Skulen ønskjer at manusstudentane skal samarbeide seg imellom, men òg med andre fagfunksjonar på skulen. Studentane byggjer forståing og gjer eigen praksis breiare gjennom det faglege samarbeidet om konkrete prosjekt. Nokre samarbeid vil skulen drive, men vi ønskjer òg at studentane sjølv finn måtar å arbeide saman på ut over dette.

Her finner du opptakskrav for manus til høstens opptak som har søknadsfrist 1. mars.

Guossit Foto Michael Mellemløkken Renjo 1ajpg
Img 2709