Filmmusikkomposisjon Master i film og nærskylde audiovisuelle kunstformer

Ved Musikkhøgskulen sin master i filmmusikkomposisjon vert delar av undervisninga gitt av Den norske filmskulen ved Høgskulen i Innlandet. Undervisninga finn i hovudsak stad i nye lokale ved Myrens verkstad i Oslo, men noko undervisning skjer òg på Noregs musikkhøgskule på Majorstua.

I masterstudiet i komposisjon skal du utvikla og gjennomføra eit sjølvstendig kunstnarleg prosjekt med tilhøyrande delprosjekt. Studiet består av eit sjølvstendig masterarbeid med hovudvekt på komposisjon. I tilknyting til dette skal du skriva eit teoretisk arbeid. I faga forskarforum og kunstnarleg og estetisk seminar blir du utfordra til å sjå ditt eige prosjekt i ein større musikalsk og samfunnsmessig kontekst.

Du finn meir informasjon om studiet og opptakskrav på NMH si heimeside.

Komposisjon 001