Regi Bachelor i film og TV

Regissøren har det overordna kunstnarlege ansvaret for ein filmproduksjon. Gjennom tolking av manus, bilde, iscenesetting og etterarbeidet vil du som regissør leia dei kreative kreftene i filmstaben din. Du treng òg kunnskap om finansielle og praktiske produksjonsføresetnader.

  • Studiestad Lillehammer
  • Studielengde 3 år
  • Studiepoeng 180
  • Språk Norsk (Skandinavisk)

For å oppnå denne kompetansen er registudiet sette saman av praktisk og teoretisk undervisning og dessutan ei rekke praktiske øvingar som tar for seg tema som idéutvikling, iscenesetting, redigering og lydetterarbeid. Det er stort fokus på å utvikla gode leiar– og samarbeidsevner samstundes som det er viktig å utvikla din eigen forteljarstil.

Karrieremoglegheiter

Etter fullført utdanning skal du vera rusta til eit yrkesliv som regissør i film, TV– og reklamebransjen. Du vil ha opparbeidd deg eit allsidig, handverksmessig repertoar og eit bevisst forhold til deg sjølv som regissør. Du skal kunna vera ein kreativ samarbeidspartnar for produsentar og manusforfattarar og kunne bidra med eit utrykk som er spesielt for deg som regissør.