Manus Bachelor i film og TV

Som manusforfattar er du ansvarleg for å utvikla manuskriptet. Dette dokumentet skaper grunnlaget for den audiovisuelle forteljinga. Det er her karakterane, universet og handlinga blir skildra.

  • Studiestad Lillehammer
  • Studielengde 3 år
  • Studiepoeng 180
  • Språk Norsk (Skandinavisk)

I løpet av studiet skal du som manusstudent utvikla evna til å samarbeida godt med studentane på regi– og produsentlinja. For å få til dette er studiet sett saman av ei rekke obligatoriske fellesproduksjonar og dessutan linjeundervisning som er spesialtilpassa for manuslinja.

Karrieremoglegheiter

Etter fullført utdanning skal du vera rusta til eit yrkesliv som profesjonell manusforfattar i film- og tv-bransjen. Du vil ha opparbeidd deg eit allsidig, handverksmessig repertoar og eit bevisst forhold til deg sjølv som manusforfattar. Du har tileigna deg kunnskap som gjer deg i stand til å handtera forskjellige sjangrar og format og vil vera ein verdifull og kreativ samarbeidspartnar for regissørar, produsentar og medforfattarar.