Studieplan manus Bachelor i film — studieplan 2019-22

Manusforfattaren er ansvarleg for å skapa manuskriptet som skal stå som grunnlag for den audiovisuelle forteljinga. Dramatisk filmforteljing er avhengig av dette dokumentet som skildrar universet til forteljinga, karakterar og handling.

Ved manuslinja blir det praktiske forteljartekniske handverket vektlagd. Studentane skal beherska dei ulike typane av manusarbeid, både når det gjeld film- og tv-produksjonar, og studiet dekker emna Dramaturgi, Filmfortelling i praksis og Den personlege historie. I første del av studiet får studentane grunnleggande dramatisk forteljarkompetanse, og dessutan innblikk i forskjellige aspekt, metodar og format, medan i den andre delen blir der stadig lagd meir vekt på at dei utviklar sitt eige uttrykk.

I løpet av studiet skal dei utvikla evna til samarbeid med studentane på regi- og produsentlinja. Når manusstudentane forlèt skulen skal dei vera klar for eit yrkesliv som profesjonell manusforfattar i film- og tv-bransjen, med eit allsidig handverksmessig repertoar og eit bevisst forhold til seg sjølv som manusforfattarar. Dei skal kunna arbeida i forskjellige sjangrar og format, og vera gode kreative samarbeidspartnarar for regissørar, produsentar og medforfattarar.

Gjennom studiet deltar alle studentar i ei rekke obligatoriske fellesproduksjonar, der dei får testa og utvikla kreativiteten sin, dei handverksmessige evnene sine og samarbeidsevner. Manusstudentane skriv alle manus til desse øvingsproduksjonane i triangel 1-samarbeide med regi og produsent.

Emne på manuslinja

  1. Dramaturgi (15 studiepoeng)
  2. Filmforteljing i praksis (55 studiepoeng)
  3. Den personlige historie (20 studiepoeng)

Alle emne blir introduserte i løpet av det første året. Dei følgjande år skjer ein progresjon gjennom å auka djupna, kompleksiteten og i breidda i innhaldet.

Dramaturgi

Utgangspunkt for emnet er den eigentlege tydinga til ordet, nemleg “læra om drama”. Det handlar om kva ei forteljing er, og her særleg den dramatiske forteljinga, med historisk tilvisning til Aristoteles og tradisjonen til teateret og korleis dette gjer seg gjeldande i den audiovisuelle forteljinga. Det progressive forløp består av ein gjennomgang av grunnprinsippa og byggeelementa til filmforteljinga, ved hjelp av analysar av forskjellige filmar.

Kursa følgjer eit bevisst progressivt mønster i forhold til informasjonsmengde og vanskegrad og det inngår òg oppgåver av både analytisk og praktisk art. Hensikta er at manusstudentane oppnår eit refleksivt og bevisst forhold til oppbygning av ei audiovisuell forteljing, med særleg fokus på spelefilm og TV drama.

Filmforteljing i praksis.

Her handlar det om for manusstudentane å overføra sin gradvis veksande kunnskap til praksis i form av å arbeida med å utvikla og skriva filmforteljingar frå første spede opplegg, gjennom å utarbeida fungerande arbeidsdokument som film-outline eller film-treatment, og til sist som eit manuskript. Også her er der snakk om eit forløp med gradvis større krav til kunnskap om både dramaturgiske og handverksmessige element og sjølve oppgåvenes omfang veks òg progressivt gjennom forløpet.

Det er snakk om kurs i workshopformat, der ein både skal forhalda seg til eige arbeid, men også ta del i å diskutera og hjelpa med utviklinga av andres prosjekt. Dette mellom anna for å oppnå evne i å arbeida med kreativt engasjement for å bringe fram visjonane til andre utover sine eigne. Fokus i forskjellige kurs varierer i form av avgrensingar når det gjeld kvar ideane skal komma frå, kva genre ein arbeider med og til kva plattform forteljinga er berekna.

Den personlige historie

For å kunna engasjera andre som fortel, må ein sjølv vera personleg engasjert. Med dette som utgangspunkt handlar det her om at manusstudentane lærer at dei sjølv er sitt eige viktigaste verktøy og det einaste som kan tilføra ei filmforteljing ein originalitet og eigenart. Ein oppnår og øver på desse evnene både gjennom oppgåver som konkret fokuserer på den personlege erfaringa til kvar enkelt student og andre der ein arbeider bevisst med å overføra desse til ei forteljing. Til liks med dei andre emna kjem Den personlege historie i spel allereie i starten av studiet, men det får stadig større plass utover i forløpet, der det progressivt blir lagt større vekt på å utvikla den individuelle forteljarstemma til manusstudenten.

Læringsutbytteskildring

Det blir forventa at manusstudentane oppnår følgjande læringsutbytte:

1. Dramaturgi

Kunnskap

  • Kunnskap om grunnprinsippa og -elementa til den dramatiske forteljinga med hovudvekt på spelefilm og TV seriar som format

Evner

Utvikle og skriva manuskript til engasjerande dramatiske forteljingar i forskjellige genrar for film og TV på profesjonelt nivå

Kunstnarisk uttrykkskompetanse

  • Kan forhalda seg reflektert til utvikling og oppbygning av audiovisuelle forteljingar av forskjellig type

2. Filmforteljing i praksis

Kunnskap

  • Kunnskap om det skrivetekniske og praktiske arbeid og dei evige utfordringane som ligg i arbeidet til ein manusforfattar

Evner

  • Kan både bringe fram eigne og andres visjonar i form av engasjerande dramatiske forteljingar

Kunstnarisk uttrykkskompetanse

  • Kan arbeida målretta og sjølvstendig som manusforfattar, enten med eigne prosjekt eller som samarbeidspartnar for regissørar, produsentar og medforfattarar

3. Den personlige historie

Kunnskap

  • Kunnskap om korleis ein forfattar bruker seg sjølv, minna og erfaringane sine, som råstoff til original og engasjerande dramatiske forteljingar

Evner

  • Kan bruka si eiga erfaring, innsikt og kjensler for å bringe fram unike og engasjerande dramatiske forteljingar

Kunstnarisk uttrykkskompetanse

  • Kan forhalda seg både reflektert og personleg engasjert til arbeidet med ei audiovisuell forteljing og manusfaget som yrke, i tillegg til å kunna bygga engasjerande og kunstnarisk utfordrande historier frå ein personleg ståstad.