Arbeids- og undervisningsformer Bachelor i film — studieplan 2019-22

Den kunstfaglege utdanninga i filmforteljing ved Den norske filmskulen vektlegg historieforteljing med levande bilde og lyd. Undervisningsopplegget er skapt for å utvikla den kunstnariske uttrykkskompetansen til den enkelte student og studentane lærer å nytta både tradisjonelle og innovative metodar og verktøy for å oppnå ein kunstnarlege intensjon i samspel med andre teammedlemmar.

Det filosofisk-pedagogiske grunnlaget er at avgrensingar utfordrar og utviklar kreativiteten og fantasien til studentane samtundes med at handverket blir lært. Erfaringa viser at det ikkje er noka motsetning mellom å utvikla den einskildes kunstnarlege eigenart og uttrykkskompetanse (den personlege stemma) og å læra handverket.

Produksjonsøvingar

Produksjonsøvingane er normalt ikkje sjølvstendige filmproduksjonar men øvingar i å læra å laga film, og er samtidig veleigna til å læra metodar for samarbeid. Slike øvingar kan både omfatta tradisjonelle arbeidsmetodar og format og introdusera nye plattformer og ny teknologi. Intensjonane til studenten og deira personlege og profesjonelle utvikling blir lagd mykje meir vekt på enn resultatet. Arbeidsmetodane som vert valt er i høg grad henta frå det verkelege livet i film- og tv-bransjen.

På fiksjonsøvingane på DNF blir tre samarbeids”trianglar" brukt:

  1. Regi, manus og produsent (idé-, manus- og prosjektutvikling).
  2. Regi, foto, produksjonsdesign (det visuelle konsept).
  3. Regi, klipp og lyd (montasjen).

Øvingar av ein meir eksperimentell karakter vil bygga på samarbeidskonstellasjonar som ikkje nødvendigvis er å finna i andre samanheng.

Triangelmodellen understrekar den sentrale rolla til regissøren som kunstnarleg leiar for ein audiovisuell produksjon samtidig som den gjer tydeleg dei kunstnarlege oppgåvene og ansvarsområda til alle involverte fagfunksjonar. Han har opphavet sitt i det at film er ei kollektiv kunstform, men der alle involverte har sjølvstendige, tydelege og avgrensa roller og der teammedlemmane saman skal løfta visjonen til kunstnarisk leiar. Triangelmodellen er ein viktig metode for å gi studentane reiskap i å samarbeida på ein måte som gjer arbeidet lettare og læringsutbyttet meir gjevande.

DNF har på dei enkelte linjene ei rekke andre læringsformer som er avgjerande moment i utdanninga og den personlege utviklinga til den einskilde: workshops, seminar og forskjellige kurs. Hensikta er å sikra at den enkelte utviklar seg som (med)forteljar og tileignar seg naudsynte handverksmessige evner for å kunna utøva den kunstnarlege uttrykkskompetansen sin. Felles for desse læringsformene er at gjennom utvikling av dei faglege, kunstnarlege og tekniske evnene til den einskilde, skal studentane setjast i stand til å ha ein meir presis kunstnarleg uttrykkskompetanse.

Til alle produksjonsøvingar skriv studentane ei intensjonsfråsegn som skal gjera tydeleg studenten sin eigen intensjon med denne spesifikke øvinga. Ho omfattar både kva kunstnarlege og forteljarmessige intensjonar studenten har med øvinga for eigen del, og kva handverksmessige grep studenten tenkjer å bruka for å oppnå desse intensjonane. Intensjonsfråsegna blir utvikla med rettleiing frå hovudlærar og skal samsvara med intensjonane til andre teammedlemmer – dvs. det skal komma fram frå intensjonsfråsegnene at alle medlemmer av eit team «lagar same film». I evalueringa av den ferdige øvinga blir alle tilbakemeldingar og kommentarar basert på intensjonsfråsegna for å sikra at det blir det faglege arbeidet til studenten som står i fokus og ikkje dei subjektive inntrykka den enkelte har av filmen.

Kunstnarleg utviklingsarbeid (KU)

I den norske universitets- og høgskulelova er kunstnarleg utviklingsarbeid (KU) sidestilt forsking. Det vil seia, mellom anna, at på same måte som ei akademisk utdanning skal vera forskingsbasert skal ei kunstfagleg utdanning vera basert på kunstnarleg utviklingsarbeid. Dette har mykje å seia både for innhaldet i utdanningane og for metodebruk i undervisninga.

Kunstnarleg utviklingsarbeid inngår i alle delar av utdanningane ved Den norske filmskulen. På bachelor blir studentane introduserte til metodar for KU gjennom mellom anna bruk av intensjonsfråsegna i produksjonsøvingar og evaluering basert på denne. Gjennom målretta bruk av desse reiskapane lærer studentane å fokusera på samanheng mellom prosess og og kunstnarleg produkt, og dessutan å reflektera og dela tankar om dette. Bruk av omgrepet «kunstnarleg uttrykkskompetanse» i læringsutbytteskildringar synleggjer fokuset på den kunstnarlege utviklinga til den einskilde og evne til å reflektera over denne utviklinga.

Internasjonalisering

Film, fjernsyn og nærskylde medium er i dagens verd, internasjonale bransjar. Samarbeidspartnarar, finansiering og inspirasjon blir henta på tvers av landegrenser, samtidig som audiovisuelle forteljingar er viktige for å fremja ein nasjonal kultur og identitet. Den norske filmskulen tar begge desse røyndomane på alvor. Studiane har sterke band til den norske film- og tv-bransjen, samstundes som skulen går inn i eit Skandinavisk og internasjonalt fellesskap.

Studiestrukturen ved bachelorstudia på filmskulen er lagt opp slik at utveksling — om det er inn- eller utreisande studentar — ikkje er mogleg. For å fullføra studiane må alle studentar delta i alle felles produksjonsøvingar og fellesundervisning. Samtidig blir det lagt til rette for internasjonalisering på fleire område, mellom anna:

  • Omfattande bruk av time- og gjestelærarar frå skandinavisk og internasjonal bransje
  • Betydeleg del studentar frå andre nordiske land
  • Felles workshops og masterclasses med nordiske og europeiske samarbeidspartnarar
  • Utstrekt internasjonalt nettverk og samarbeid gjennom CILECT, det internasjonale sambandet for leiande filmskular med spesielt fokus på NORDICIL, den nordiske greina av CILECT
  • Moglegheiter for praksisopphald i utlandet etter fullførte studiar med stønad frå Høgskulen i Innlandet.