Filmskolen har ein flott og romsleg kinosal, med eit lerret på 4,3 x 1,8 meter og femti sete med god beinplass.

Kinosalen i Lillehammer

Salen har ein digital kinoframvisar, der vi kan spela av alt frå enkle påsynsfiler frå nettet til digitale kinokopiar i 2K oppløysing.

Om ein har lyst til å gå old school og spela av gamle filmkopiar òg, har vi faktisk moglegheit til å visa både 35 mm og 16 mm film, sidan vi framleis har vaskeekte filmframvisarar i maskinrommet.

Lydanlegget kan spela av alle lydformatane opp til 7.1 kinomiks.

Salen blir ofte brukt til undervisning, om filmar og filmklipp er ein del av opplegget.
Han blir òg brukt til visning av ferdige filmar etter øvingar, eller til visning for testpublikum medan studentane jobbar med klipp.

Kinosalen blir òg lånt ut til andre studiar på høgskulen.

Seter wide
Projektor